Aasheim Slipp AS held til på Eriksøyro som tidligare heite Åsheim og Valvatne skipsbyggeri. Åsheim og Valvatne skipsbyggeri var eit treskipsbyggeri som vart starta i 1934 av Fredrik Åsheim og sonen Asbjørn, saman med Bernt Valvatne.

Den første båten dei bygde var ein gavlabåt som vart bygd inne i Skipavikjo. Då dei var ferdige med denne gavlen flytta dei ut av Skipavikjo til Eriksøyro. Dei bygde 2 gavlabåtar til austevoll, Djupevåg og Rabben.

2 kutterar vart leverte til Møre, den eine fekk navnet «Heimdal», den andre «Havørn». Under 2. verdskrig reiste «Havørn» over til England, og var fleire turar attende til Norge på hemmelege oppdrag. Ola Skimmeland frå Mosterhamn fekk bygd båten «Solvang II» på Eriksøyro, og det vart og bygd og levert ei skøyte til Jørpeland.

Etter det som vert fortalt var «Aura» den finaste båten Åsheim og Valvatne bygde. Dette var i 1944, då krigen raste som verst, og på turen frå Sagvåg og til heimstaden gjekk den på ei mine. Maskinisten vart drepen og skipparen hardt skadd, så det vart ei trist heimferd. Ein av dei siste båtane som vart bygd på Eriksøyro var «Espholm» frå Åmøy i Rogaland, det var ein båt ein ofta såg igjen i Sagvåg. Det var båtbyggeri på Eriksøyro fram til 1954.

I 1985 overtok Hans og Steinar Aasheim Eriksøyro, og dei starta bygging av flytebryggene. Det vart då utleige av båtplass, vinteropplag og slipping på Eriksøyro. Frå 1993 har det i tillegg vore sal av båtutstyr, båtar og Evinrude og Johnson påhengsmotorar.

Foretaket vart aksjeselskap 21.06.2004, og heiter no Aasheim Slipp AS.